Eid Musikklag
Eid Musikklag
 • Siste nytt    • Øving    • Aktivitetar    • Medlemer    • Dirigent    • Kontakter    • Om korpset    • Bilder     • Gjestebok  

 

 

   Om korpset

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 69 748

 

 


Eid Musikklag
Skipa i 1913
Kjøsnesmusikken
 
Kjøsnesmusikken
 
Eid musikklag 17. mai 2003
 
Eid musikklag 17. mai 2003

I meir enn 100 år var eksisplassen og det som der gikk føre seg, eit sermerkt innslag i folkelivet her på Eid. Rekruttskulen med omlag 300 mann kalla dei læreturen, bataljonsamlinga med 1200-1500 mann kalla dei storturen.
Alle mann, offiserar, underoffiserar og soldatar vart innlosjert i hus på Eid og næraste gardane kring. Romslig var det nok ikkje alltid korkje for soldatar eller husets folk. Husa var ofte små og lite tenlege for leigeboarar, det vere seg både for sengeplass og sanitære forhold medan samlingane varte.
Det er Kjøsnesmusikken vi ser på dette bildet, desse stramme musikantane i elegante uniformer, nypussa frå topp til tå under sin dirigent musikkfanejunker Samuel Kjøsnes. I Oberst Holtermann si tid her på Eid var nok Kjøsnesmusikken på topp i kvantitet og kvalitet. Oberst Holtermann var ein barsk offiser som likte å ha orden på tinga både under feltøvingar og paradar på Plassen der Kjøsnesmusikken eldna soldatane og fryda dei skuelystne eidarane som var møtt fram i stort antall. Ja, mykje gjekk for seg i Holtermann si tid her på Eid - og slett ikkje berre om militære ting. Ein meiner då tida 1895 til kring 1900.



Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

SKIPA 1913 -----------> 100 år i 2013